Flott skulestart!

Flott skulestart!

Måndag 18. august var endeleg dagen komen då DUO atter kunne fyllast med flotte elevar! I fellessalen gjekk startskotet med ein «opningssalutt» som krevde både stemme, koordinasjon og samarbeid frå dei vaksne. Marte Antun song for oss, og Jostein Fossmark hadde andakt. Dei vaksne hadde med seg ein personleg ting kvar; alt frå joggesko til fotballdrakter og hundebæsj(!)-pose. Lått og løye høyrer jo med! Elevane fekk informasjon om både skuledagen, ulike rutinar og anna. helsesøster var også med og fekk gi elevane nokre gode råd om sunne vanar. Elevane såg ut til å finne kvarandre – både nye og gamle elevar – og denne hausten tel vi tilsaman 84 elevar på skulen.

Dagen vart ein FLOTT dag – vi er SÅ glade for å vere i gong!!!

X