Du kan finna elevens dokumenterte fråver via Skolearena. Vær merksam på at alt timefråver er ført på faget Klasseinfo.

Rutiner for fråver grunna helsemessige årsaker

Fråver inntil tre dagar
• Eleven leverer melding frå foreldre første skuledag etter fråveret.
• Foreldre trenger ikkje varsla skulen om fråveret.

Fråver over tre dagar
• Eleven leverer melding frå foreldre første skuledag etter fråveret.
• Foreldre varslar skulen om fråveret den fjerde dagen eleven er sjuk.

Bruk meldeboka til dokumentasjon av fråver. Dette gjeld både for dagsfråver og timefråver. Andre meldingsformer (som t.d. tannlegekort og post-it-lappar) vert ikke godkjende.

Fråver i kroppsøving
Dersom eleven ikkje kan vera med i kroppsøving grunna skade eller sjukdom, skal det leverast melding i meldeboka. Elevar som har glømt gymtøy, skal likevel delta i undervisninga.

Fråver på vitnemål
Skulen fører alt fråver i løpet av åra på ungdomsskulen.
Fråveret til eleven vert ført på karakterkortet kvart år. Det samla fråveret for 3 år vert ført på vitnemålet. Eleven kan likevel krevja at noko fråver ikkje vert ført på vitnemålet. Dette gjeld permisjonar som skulen har imøtekome, samt noko sjukefråver der det følgjer med legeerklæring.

Vidare informasjon står i Forskrift til privatskolelova: § 3-40:

Føring av fråver i grunnskulen
Frå og med 8. årstrinnet skal alt fråver førast på vitnemålet. Fråver skal førast i dagar og enkelttimar. Enkelttimar kan ikkje konverterast til dagar. Eleven eller foreldra kan krevja at årsaka til fråværet blir ført på eit vedlegg til vitnemålet. Dette gjeld berre når eleven har lagt fram dokumentasjon på årsaka til fråværet.
Dersom det er mogleg, skal eleven leggja fram dokumentasjon av fråveret frå opplæringa på førehand.
For inntil 10 skuledagar i eit opplæringsår, kan eleven krevja at følgjande fråver ikkje vert ført på vitnemålet:
a) dokumentert fråver som skuldast helsegrunnar
b) innvilga permisjon etter privatskolelova § 3-13.
For at fråver som skuldast helsegrunnar etter bokstav a) ikkje skal førast på vitnemålet, må eleven leggja fram ei legeerklæring som dokumenterer dette. Fråver som skuldast helsegrunnar må vare meir enn tre dagar, og det er berre fråver frå og med fjerde dagen som kan strykast. Ved dokumentert risiko for fråver etter bokstav a) på grunn av funksjonshemming eller kronisk sjukdom, kan fråver strykast frå og med første fråversdag.
Endra ved forskrift 7. juli 2010 nr. 1081 (i kraft 1. aug 2010).

Søknad om å få stryka fråver skal sendast på mail til jostein.fossmark@danielsen-skoler.no. Det er også muleg å skriva søknad i meldeboka. Dette må gjerast på slutten av kvart skuleår. Frist: 15.juni.
 
 

 

X