Historikk

Danielsen Ungdomsskule Osterøy starta opp i 2011 og er ein kristen friskule eigd av Egill Danielsen Stiftelse. DUO ligg på Valestrand, og har sidan oppstarten hatt skuledrift i bedehuset, samt to oppførte modular. Skuleåret 2018/2019 var det stor byggeaktivitet på bruket og i forlenginga av bedehuset fekk me eit heilt nytt skulebygg. Bedehuset vart også oppgradert, og me kunne flytte inn i nye flotte lokaler til skulestart 2019.

X