Invitasjon til foreldreveiledningskurs!

Invitasjon til foreldreveiledningskurs!

Korleis kan du behalde det gode forholdet til ungdommen din gjennom ungdomsstida?

Helsesjukepleiar Beate Kleppe og Miljøterapeut Mona Neu Hatland inviterer til nytt kurs i foreldreveiledning ICDP.Samtalegruppene går over 6 gonger, 6-8 deltakarar, kor me vil gå gjennom 8 tema for godt samspill.

Målsettinga med programmet er først og fremst å påverke og forbetre kontakt og samspill mellom deg som omsorgsgjever og ungdommen din. Du vil møte andre foreldre, utveksle erfaringar og bli meir bevisst og tryggare i foreldrerolla. Du vil og få kjennskap til korleis det er å vera ungdom i dag.

Me startar opp måndag 14.oktober kl.17.00-19.00 i Familiens hus (Fotlandsvegen nr.27 ).
Påmelding til Beate 94508714 eller Mona på 94534452  innan 30.september 2019

Mail: beate.kleppe@osteroy.kommune.no / mona.neu.hatland@osteroy.kommune.no

X