Jakt på timeplanen!

Jakt på timeplanen!
Etter fleire år med slakting av hjort på Danielsen, kan endeleg elevane sjølv snart gå på jakt. I år har dei som vil i 10.kl. fått gjennomført Jegerprøven som ein del av valfaget Friluftsliv. Både teorikveldar med hyggelege middager på skulen og praktisk utedag er gjennomført. Etter dette var det eksamen med 50 spørsmål, der dei måtte ha rett svar på minimum 40 av desse. Dei aller fleste elevane klarte seg gjennom prøven, og er no kvalifiserte jegarar.  Resten får mulighet til å ta denne oppatt. Til våren, det året dei fyller 16 år, vil dei få tilsendt jegerkort og er klar for småviltjakt. Høgdepunktet for dei fleste i gruppa på 12 elevar, var nok skytedagen 29.10. Det var ein utruleg kjekk dag i Jonahola på Gaupås. Der fekk alle prøva seg med både salongrifle, jaktrifle og hagle. Det vart òg undervist om fellefangst og våpensikkerhet. Det var lett å sjå at mange av elevane syntes dette var ei veldig kjekk oppleving. Dei fekk mykje skryt av instruktørane og synte til tider glimrande treffsikkerhet. Samarbeidet med Åsane Jakt og Fiskeforening fungerte kjempegodt, så det er gode grunnar for å satsa vidare på dette til neste år.
X