Leksehjelp

Frivilleg leksehjelp onsdagar
Kvar onsdag mellom kl. 11-13.30* tilbyr vi frivilleg leksehjelp på Danielsen Ungdomsskule Osterøy. Ordninga er eit gratis tilbod til elevane som går på DUO. Dette er eit godt høve til å få hjelp til heimearbeidet, og også til å kunne planlegge når heimearbeidet kan gjerast. Fordi me nyttar vårt eige personale er det ikkje naudsynt med bindande påmelding til leksehjelp dette skuleåret. Elevane treng ikkje vera der tida ut, men må gå frå skulen når dei ikkje lenger har leksehjelp.

Registrering
Vi registrerer dei elevane som er på leksehjelp. Vi noterer også kor lenge elevane er tilstades, samt kor eleven oppgir at han/ho går etter leksehjelp. Dette vert gjort for at de føresette skal ha høve til å følgje dette opp om de treng det. Opplysningar kring dette får de ved å ringe til skulen på tlf. 56 39 50 70

Skulelunsj
Elevar som er på leksehjelp får servert skulelunsj kl. 12. Dette er eit tilbod kun til dei som deltek på leksehjelp.

Vi håpar at dette tilbodet skal vere til hjelp for gode rutinar og god innsats med heimearbeidet!

* Det kan vere onsdagar der leksehjelp går ut, grunna andre aktivitetar på skulen. 

X