Personvernerklæring for Danielsen Ungdomsskule Osterøy

Det er viktig for oss at du kjenner deg trygg på at vi behandlar personopplysningane dine forsvarleg og lovleg. Rektor er ansvarleg for skulens behandling av personopplysningar.

Nettside

På nettsida vår brukar vi informasjonskapslar (cookies) for å gi deg ei betre brukaroppleving. Når du nettsida vår, samlar vi automatisk inn aktivitetsinformasjon og opplysningar om kva nettlesar du brukar, IP-adresse, tid og dato for når ei side vert opna og kva side du kom frå. Opplysningane vert kun nytta til anonyme statistikkar og for å betre tenestene våre.

Ved å søkje skuleplass via nettsida vår, må du fylle inn personopplysningar, det gjeld også om du nyttar kontaktskjema på nettsida vår. Det er opplysningar du sjølv legg inn.

Kva type personopplysningar vi behandlar

Søkjarar: Kontaktinformasjon og fødselsdato til elev, kontaktinformasjon og e-post adresse til føresette, og informasjon om andre søsken ved Danielsen-skular.

Elevar: Namn, adresse, namn på føresette og evt. kven som har den daglege omsorga, telefonnummer, fødselsnummer, e-post adresse, karakterar og vitnemål, grunnlag for termin-/standpunktkarakterar, fråver og evt. dokumentasjon på fråver, og referat frå elevsamtalar, fagsamtalar og evt. møte vedrørande eleven og individuelle opplæringsplanar, IP adresser og aktivitetsloggar ved bruk av digitale tenester ved skulen, sensitive opplysningar i samband med fråver, elevens helse (t.d. allergiar) og spesialtilpassing for enkeltelevar.

Tilsette: Namn, adresse, telefonnummer, fødselsnummer, nærmaste pårørande, referat frå medarbeidarsamtalar, dokumentasjon på permisjon, utdanning og arbeidserfaring, bankkontonummer, lønnsnivå og evt. fagforeiningsmedlemskap, IP- adresser og aktivitetsloggar ved bruk av digitale tenester ved skulen, sensitive opplysningar kan lagrast i samband med helsesituasjon og behov for tilpasningar i kvardagen.

Føresette: Namn, adresse, fødselsnummer, telefonnummer, e-post adresse, evt. kven som har den daglege omsorga for eleven.

 

Korleis innhentar vi personopplysningar

  • Søknads- og kontaktskjema på nettsida vår.
  • Under teikning av kontrakt om skoleplass.
  • Du gir opplysningar via telefon eller i samtale med våre medarbeidarar.
  • Opplysningar fått gjennom samarbeid mellom skule og heim.
  • Ved å bruke nettsidene våre.
  • Ved å bruke Wifi og digitale tenester ved skulen.

Om du ikkje ønskjer å oppgi nødvendige personopplysningar, kan det føre til at du ikkje kan tildelast skuleplass ved skulen, dette på grunnlag av at vi ikkje har opplysningar til å vurdere søknaden din eller gi deg tilgang til ressursar brukt i undervisninga ved skulen.

Føremål ved behandling av personopplysningar

Søkjarar: For å kunne behandle søknadar, gi tilbud om skuleplass og sende nødvendig og relevant informasjon.

Elevar: For å kunne gi elevane eit fullverdig studietilbod, fakturere skulepengar og utføre våre forpliktingar i samsvar med friskulelova og anna relevant lovgjeving.

Tilsette: For å kunne utøve våre forpliktingar ved eit tilsetjingsforhold i samsvar med lovverk og den tilsettes interesser.

Føresette: For å kunne ivareta våre forpliktingar i samsvar med skule-heim samarbeid og føresettes interesser ved elevens skulegang, samt fakturering av skulepengar. Føresettes fødselsnummer vert nytta til MinID-pålogging mot skulens administrative system.

Rettslege grunnlag for å behandle personopplysningar

Vårt rettslege grunnlag for behandling av personopplysningar er regulert av Friskulelova, Opplæringslova, Forvaltningslova, Arbeidsmiljølova og Personopplysningslova, med dei ulike tilhøyrande forskrifter.

 

Kor behandlar vi personopplysningar

Alle elevar, tilsette og føresette vert registrerte i skulens til eikvar tid gjeldande administrative system og økonomisystem. Alle elever og tilsette vert registrerte i IT-system for å få oppretta brukarkontoar som gir tilgang til wifi, internett, utskrift, Microsoft Office 365 og andre digitale verktøy brukt i undervisninga ved skulen.

Bruk av digitale tenester

Når du brukar digitale tenester samlar vi aktivitetsinformasjon og loggfører bruken din. Denne informasjonen er kun tilgjengeleg i ein kort periode. Dette er lovpålagt for å kunne ivareta informasjonstryggleiken og hindre misbruk av tenestene våre.

Utlevering av informasjon til tredjepart

Vi brukar digitale tenester og system som er levert av eksterne aktørar. Personopplysningane dine blir då vidareformidla. Vi følgjer norsk personvernlovgjeving for å sikre at personopplysningane dine er sikra og ikkje kjem på avveie, og inngår databehandlaravtale med våre eksterne aktørar. Dette for å sikre at personopplysningane dine blir behandla etter norsk lovgjeving og avgrensar databehandlars bruk kun til oppgjeve formål.

Skulen brukar følgjande eksterne aktørar:

  • Egill Danielsen stiftelse (eigarorg.):
    IT driftsleverandør, økonomi -og administrative tenester.
  • Visma Unique AS:
    Skuleadministrative system
  • SamPro:
    Individuelle opplæringsplanar
  • Microsoft Office 365:
    Samhandlingsplattform
  • Transponder:
    Digital meldingsbok
  • net:
    Økonomitenester
  • Identum
    eFeide/Feide
  • It’s Learning
    Læringsplattform
  • Digitale fagbøker (Fagbokforlaget, Gyldendal, osv.)
  • Digitale undervisningsverktøy (Creaza, Kikora, osv.)
  • Utdanningsdirektoratet:
    Rapportering (WIS), eksamen og kartleggingsprøver
  • Eksamenskontoret i Rogaland (eksamensavvikling)
  • Skyss (busskort)

 

Dine rettar

I samsvar med personopplysningslova har du rett til å vite kva for opplysningar vi har registrert om deg. Du har også rett til å få opplysningane korrigerte om dei er feil, sletta eller avgrensa om vi ikkje lenger har grunnlag for behandlinga.

Om du meinar at vi ikkje ivaretek rettane dine, har du rett til å klage til aktuell tilsynsmyndigheit, som er Datatilsynet. Kontaktinformasjon finn du på www.datatilsynet.no.

Utlevering av personopplysningar

Det kan bli utlevert klasselister med namn, adresse og telefonnummer til alle i kvar klasse.

Ellers leverer vi ut opplysningar berre til den registrerte eller ved samtykke frå den registrerte til andre instansar.

Sletting av personopplysningar

I samsvar med personopplysningslova skal opplysningar som ikkje lenger er nødvendige utfrå føremålet dei er samla inn for, slettast. Vi følgjer til ei kvar tid gjeldande lovgjeving.

Vi er pålagt å oppbevare opplysningar om namn, halvårskarakterar og standpunktkarakterar, samt kva fag ein elev har fått undervisning i for all tid. Andre opplysningar om eleven skal slettast etter at klagefristen er gått ut og vi ikkje lenger har grunnlag for å oppbevare dei.

 

Tryggleikstiltak

Personopplysningar skal berre vere tilgjengelege for dei som har behov for desse, for å kunne utføre skuledrifta i samsvar med lovheimlar. Alle personopplysningar skal vere forsvarleg sikra mot uautorisert innsyn, og på datanettverket vere verna for uautorisert tilgang og innsamling.

Skulen gjennomfører jamnleg risikoanalysar for å vurdere tryggleiken kring innsamling og oppbevaring av personopplysningane.

Personvernombod

Egill Danielsen Stiftelse har oppretta eit personvernombod som skal verne om personverninteressene til alle register ved alle skulene til stiftelsen.

Kontaktinformasjon
personvernombud@danielsen-skoler.no

Kontaktinformasjon for retting, innsyn eller sletting av personopplysningar

Danielsen Ungdomsskule Osterøy
Valestrandsvegen 359
p.b. 92
5291 Valestrandsfossen
tlf: 56 39 50 70
epost: duosteroy@danielsen-skoler.no

X