Reglement for Mac og elektronisk utstyr


REGLAR FOR ELEKTRONISK UTSTYR

 

FOR MAC:

  • Hald sensitive opplysningar (adresse, tlf.nr., personnr.) og passord for deg sjølv.

 

  • Bruk kun eiga maskin og eigne kontoar på nettet.

                       Å gå inn på andre sine maskiner/kontoar er identitetstjuveri, og                kan verte meldt til politiet.

 

  • Ein skal ikkje installera program som minskar fokus på skulearbeid, eller som tek opp kapasiteten til maskina.

                       Døme: MSN, Skype, Facebook, Spotify, spel, filmar osv.

 

  • Beskytt maskina godt mot mat, drikke og fysisk belastning!

 

  • Ta sterk avstand frå digital mobbing.

Gje beskjed til ein vaksen om du sjølv eller andre vert plaga                            digitalt.

 

  • Spør alltid på førehand dersom du ønskjer å ta bilde eller lydopptak av nokon.

Spør den det gjeld FØR du legg ut bilete eller lydopptak på nettet.

            Er den avbilda under 15 år må du i tillegg spørje foreldra.

 

  • Hald deg til aldersgrensene på både spel, filmar og anna innhald på nettet.

 

  • Det er ikkje tillate å gå inn på sider med pornografisk, valdeleg, diskriminerande eller rasistisk innhald.

 

  • Det er ikkje tillate å dele ulovlege filer (film, musikk, spel osv).

 

  • I skuletida er det dei vaksne som bestemmer over datamaskina. Etter skuletid er det foreldre/føresette som bestemmer over maskina.

 

  • Datamaskina og programma på maskina skal vera lukka når timen byrjer, lærar gjev instrukser om når den evt skal nyttast i timen.
  • Elevane skal kun ha brukartilgang på Mac’en.

FOR MOBILTELEFON OG ANNA UTSTYR:

  • Mobiltelefonen, Ipod og anna elektronisk utstyr skal kun brukast i fastsette tider som skulen har bestemt. Pr. 01.12.15 er det kun tillate å bruke slikt utstyr i friminuttet mellom 5. og 6. time.
  • I skuletimane skal mobiltelefonen ligga i mobilhotellet. Anna utstyr skal ligga avslått i sekken. I friminutt der det ikkje er tillate med elektornisk utstyr, skal også telefonen ligga avslått i sekken.
  • Spør alltid på førehand dersom du ønskjer å ta bilde eller lydopptak av nokon.

Spør den det gjeld FØR du legg ut bilete eller opptaket på nettet.
Er den avbilda under 15 år må du i tillegg spørje foreldra.

  • Du kan KUN bruke eige elektronisk utstyr! Vis respekt for andre sitt utstyr!
  • Ta sterk avstand frå digital mobbing.
    Gje beskjed til ein vaksen om du sjølv eller andre vert plaga digitalt.

  • Dersom du har behov for å ringe til nokon utanom ”mobilfriminuttet”, skal du spørje om løyve på førehand.
  • I skuletimar er det kun tillate å høyre på musikk etter særskilte avtalar, og etter ferdiglaga spelelister. På tentamensdagar er det ikkje tillate med lyd på øyrene.

 

Brot på reglementet for Mac, kan føre til inndraginga av utstyr.

 

Brot på reglementet for mbiltelefon og anna elektronisk utstyr, kan føre til inndraging av utstyr resten av skuledagen.

 

     J Bruk nettet til å styrke skulearbeidet og utdanninga di.

     Her finns mange fantastiske løysingar og inspirerande informasjon.

 

 

Revidert 24.11.15

X