Skuleåret er i gang og vi stortrivs i nytt skulebygg!

Skuleåret er i gang og vi stortrivs i nytt skulebygg!

Vi er godt i gang med nytt skuleår – og vi har hatt ein kjempefin start desse vekene! Den viktigaste grunnen er dei fantastisk flotte elevane vi er så heldige å få ha her på DUO! Men vi stikk ikkje under ein stol at det nye skulebygget har vore stor stas også!

Å få så mykje meir plass til å boltre seg i pausane, og få lære og arbeide i så fine omgjevnader skaper god stemning både hos unge og vaksne! Det skjer framleis litt kvar dag for å få alle ting på plass. Ballbingen, som vi tok i bruk denne veka, er allereide teken flittig i bruk, asfaltering av uteområdet er også unnagjort, og no skal vi snart tildele eigne bokskap til kvar elev. Vi synest vi har fått det veldig fint, og kjenner oss kjempeheldige som får lære og arbeide med elevane her på DUO!

X