Skulereglement

 

Skulereglement ved Danielsen Ungdomsskule Osterøy 

Reglementet er vedtatt på styremøte for Danielsen Ungdomsskule Osterøy den 18.11.2015, med heimel i privatskulelova § 3-9. Skulereglementet trer i kraft frå same dato.

 

  • 1 Formål
    For at Danielsen Ungdomsskule Osterøy skal vera ein trivelig og god skule, må vi ha reglar for god orden og oppførsel. «Ingen må søkje sitt eige beste, men den andre sitt beste.» 1.Korinterbrev 10, 24. I forståing med foreldra og i respekt for eleven vil skulen formidle kunnskap, inspirera til læring og utvikling av heile mennesket. Målet er å utruste elevane for eit godt og ansvarleg liv i heim, samfunn og menighet. Skulekvardagen skal ha eit arbeids- og læringsmiljø prega av ro, orden, trivsel, respekt og faglig konsentrasjon. Reglementet skal bidra til å styrke dette målet.

 

  • 2 Virkeområde
    Reglementet gjeld for Danielsen Ungdomsskule Osterøy. Reglementet gjeld når skulen har ansvar for elevane. Dette inneberer alle typar undervisningslokale, fellesrom og uteareal. Det gjeld og når elevane har undervisning andre stader enn på skulen sitt område, til dømes leirskular og skuleturar.

 

  • 3 Vurdering av eleven sin orden og oppførsel (åtferd)
    Vurdering i orden og oppførsel skal verta tatt ut frå reglane om orden og oppførsel i dette reglementet. Eleven sin orden og oppførsel kan ikkje vurderast ut frå andre vurderingsgrunnlag enn dette. Karakterane i orden og oppførsel vil som hovudprinsipp verta satt ned ved gjentekne brot på ein eller fleire reglar. Karakterane kan og verta satt ned ved einskildhendingar dersom det gjeld eit spesielt grovt brot på reglementet.

 

 

  • 4 Reglar for orden
    Elevane skal:
  • Møte presist
  • Møte førebudd til opplæringa
  • Vera deltakande i undervisninga
  • Ha med naudsynt utstyr
  • Gjera arbeid heime og på skulen til rett tid og overhalda fristar
  • Halda orden på utstyr som høyrer til eleven, eller som eleven disponerer på skulen
  • Behandla andre sine eigendelar med respekt
  • 5 Reglar for oppførsel
    Elevane skal syne alminneleg god oppførsel, ved å m.a.:
  • Behandla medelevar, tilsette og andre som elevane møter i skulekvardagen med respekt uansett kjønn, nasjonalitet, religion, livssyn, seksuell orientering m.m.
  • Bidra til eit godt læringsmiljø
  • Velja eit godt språkbruk og unngå banning eller kalling av andre.
  • Følgje skulen sitt reglement for fråvær
  • Rette seg etter beskjedar frå skulen sine tilsette
  • Ta godt vare på skulen sin eigedom
  • Ikkje nytta motorkjøretøy som t.d. moped på skuleplassen, men parkera den på tilvist stad.
  • Ikkje nytta ståhjulingar, elektriske sparkesyklar o.l. på skulen sitt område.
  • Ikkje nytta rullebrett på skulen sitt område utan særskilt avtale.
  • Elevane skal ikkje bruke mobiltelefon eller anna privat elektronisk utstyr i undervisninga.
  • Syne nettvett og følgje skulen sitt reglement for bruk av datautstyr og digitalt utstyr.

Oppførsel som ikkje vert akseptert:

  • Å forstyrre og lage uro i undervisninga
  • Å jukse eller forsøke å jukse
  • Å ha med seg og bruke tobakk, snus eller energidrikk
  • Å mobba eller plaga andre
  • Å utøva hærverk
  • Å utøva eller truga med fysisk vald
  • Å kasta snøballar på andre område enn tilvist stad
  • Å ha med eller nytta farlige gjenstandar som t.d. kniv, laserpenn, lighter/fyrstikker eller våpen av ulike slag.
  • Å ha med, bruke eller vera påverka av alkohol, narkotika eller andre rusmiddel.
  • Å oppfordra til bruk eller reklamera for rusmiddel i skuletida.
  • Å forlata skulen sitt område utan samtykke frå dei vaksne

 

  • 6 Moglege sanksjonar ved brot på reglane for orden og åtferd
  1. Munnleg tilbakemelding til elev
  2. Anmerkning som vert registrert i skulearena
  3. Samtale med inspektør eller rektor
  4. Skriftleg eller munnleg melding til føresette, evt. samtale mellom skulen og heimen
  5. Gjensitting
  6. Pålegg om å utføre oppgåver før eller etter skuletid for å rette opp skader som eleven er ansvarleg for.
  7. Bortvisning frå undervisninga (privatskulelova §3-10.)
  8. Bortvisning frå skulen i inntil 3 dagar (pl §3-10.)
  9. Tvungen skulebyte (jfr. privatskulelova §3-3, her er det kommunen som har vedtaksmynde)

 

Fysisk refsing eller krenkjande reaksjonar er ikkje tillatt. Eleven pliktar å overhalda ilagte sanksjonar. Dersom eleven ikkje overheld dette, kan eleven verta ilagt nye sanksjonar.

 

 

  • 7 Melding av straffbare forhold
    Skulen vil normalt melda straffbare forhold til politiet. Ved tjuveri av eleven sine eigendelar, må føresette melda forholdet til politiet.

 

  • 8 Erstatningsansvar
    Ved skade eller skadeverk på skulen sin eigedom eller utstyr kan eleven eller eleven sine føresette bli erstatningsansvarlige. Det same gjeld ved tap av undervisningsmateriell (jfr. §1-2, Lov om skadeerstatning).

 

  • 9 Sakshandsaming ved bruk av sanksjonar
    Ved bruk av sanksjonar (§ 6 punkt 5-9) gjeld følgjande sakshandsamingsreglar.
  • Skulen skal sørgje for at avgjersla vert tatt på eit forsvarleg grunnlag.
  • Eleven skal ha fått høve til å forklare seg munnleg for den som skal ta avgjersla.
  • Avgjersla skal grunngjevast (ved avgjersle av særleg betydning skal grunngjevinga verta gjeve skriftleg)
  • Før avgjersla om bortvisning vert fatta, skal skulen ha vurdert om det er mogleg å nytta andre reaksjonar eller hjelpetiltak.
  • I alvorlege saker skal føresette varslast så langt det er mogleg.

 

 

Sanksjonane i § 6 nr. 5-9 er å sjå på som einskildvedtak, og må i tillegg følgje sakshandsamingsreglane for einskildvedtak i forvaltningslova.

X