Styre og formål

 Basis og formål

Basis og formål for skulen:

«a) Danielsen Ungdomsskule Osterøy AS skal i all si verksemd søkje å skape eit læringsmiljø som fremjer eit kristent heilskapssyn på livet forankra i trua på Gud som skapar og frelsar slik dette er uttrykt i Bibelen og dei evangelisk-lutherske bekjennelsesskrifter.*

b) Skulen vil i alt sitt arbeid gjere Kristus kjend for elevane slik at Han kan bli trudd og etterfølgd.

I forståing med foreldrene og i respekt for elevane vil skulen formidle kunnskap, inspirere til læring og utvikling av heile mennesket for å utruste elevane for eit godt og ansvarleg liv i heim, samfunn og menigheit.

I møte med elevane, i og utanfor skulen, er heile personalet medarbeidarar og førebilete og har eit ansvar for å fremje skulen sitt overordna føremål.

Aksjeselskapet si verksemd skal byggjast på ikkje-kommersiell basis.

Omfattar dei tre oldkyrkjelege symbol (den apostoliske, den nikenske og den athanasianske vedkjenning), samt den augsburgske vedkjenning og Luthers vesle katekisme.«

Formålet i skulen sin kvardag

I undervisninga tek skulen stilling til faglege spørsmål ut frå eit kristent orienteringspunkt, forplikta på Bibelen som Guds ord. Dette gjeld ikkje berre kristendomsundervisning, men i alle fag når det gjeld verdispørsmål.

Skuledagen startar med ei samlingsstund med Guds ord og bønn.

Skulen ønskjer at miljø og samversformer skal vere prega av kristen ånd og kristen tradisjon, slik at skulen i vidaste forstand kan vere ei støtte for dei unge i deira livsførsel.

Friskule

Skulen har søkt om godkjenning etter privatskolelova frå 2007. Skulen fører fram til vitnemål for 10-årig grunnskule på lik linje med dei offentlege grunnskulane.

X