Tiande klassetur

Tiande klassetur

Tross dårleg vêrmelding med regn i bøtter og spann, var me, elevane, positive til ein overnattingstur til Træet gård ved Bruvik. Dermed pakka tiande klasse ved DUO sekkane og den 1. juni stilte elevane og nokre av personalet opp ved parkeringsplassen. Det gjekk ikkje mange minutt før heile gjengen var søkkvåte(!) men tross vêret gjekk me den omlag sju kilometer lange turen til Træet.

 

Då me kom fram bytta me til tørre klede. Me fyrte i peisen, og fekk stemninga opp med matlaging og følgjande måltid. Me koste oss! Då vêret letta, nytta me anledninga til å padla kano og ro i båt. Då det begynte å regne igjen hadde Rasmus og Ivar fluebindingskurs, og dette syntest elevane var stas. Nokon av elevane fekk kanskje ein ny hobby…?!

 

Nokon av oss gutar rigga oss til på låven med fyr i omnen så det nesten blei badstue. Det vart laga mat på stormkjøkken og primus, og alle var happy. Anders sov ute i eit hengekøyetelt i trea, og han sov visst godt, seier han. Neste morgon vakna alle, laga frukost, pakka bagane og vaska ut før me gjorde oss klare for å reise heim. Me var skikkelig glade for å vere med på denne flotte turen. Takk for oss.

 

-Rasmus K. Rød, 10. klasse ved Danielsen Ungdomsskule, Osterøy –

X