Velkomne til temakveld for føresette på ungdomsskulane og Vgs på Osterøy

Velkomne til temakveld for føresette på ungdomsskulane og Vgs på Osterøy

Torsdag 7. februar er alle føresette ved dei to ungdomsskulane i kommunen, samt føresette for elevar på OVG velkomne til ein eigen temakveld om nettvett og trender på Osterøy. Dette er eit tverretatlig samarbeid mellom ulike helsetenester og politiet, og som føresette vil ein få nyttig informasjon om tema som dei unge er berørt av i dag. På dagtid skal elevane ha ei heildagssamling i Osterøyhallen med tilsvarande tematikk. Set av kvelden allereide no!

X