Rektor – Danielsen Ungdomsskule Voss

Den kristne friskulerørsla Danielsen-skulane består av Egill Danielsen Stiftelse og åtte skular i Hordaland og Rogaland. Vi har omlag 2 000 elevar frå barnetrinn til vaksenopplæring og rundt 270 tilsette. Indremisjonsforbundet og Norsk Luthersk Misjonssamband står bak skulane, som vert drivne etter friskulelova.

Vi ønskjer å kome i kontakt med moglege kandidatar til stillinga som

REKTOR

ved Danielsen Ungdomsskule Voss frå 01.08.2020

På bakgrunn av spørsmål frå ei foreldregruppe på Voss har Egill Danielsen Stiftelse søkt om godkjenning av Danielsen Ungdomsskule Voss. Planen er å etablere skulen som ein ungdomsskule med 90 elevar. Utdanningsdirektoratet handsamar søknaden, og vi ventar svar innan 01.02.2020. Vi ønskjer å kome i kontakt med aktuelle kandidatar før denne datoen. Dersom søknaden blir godkjend og andre tilhøve gjer det mogleg å starte skulen allereie i 2020, vil vi ha som målsetjing å tilsette rektor kort tid etter desse avklaringane.

Danielsen-skulane er, og skal vere, kjende for tett oppfølging av eleven, læring av høg kvalitet og livsnær og respektfull trusopplæring. Alle skulane våre har i tillegg lokale særpreg. Som første rektor på ein nyetablert Danielsen-skule har du ei unik moglegheit til å vere med på å utvikle og prege skulen for lang tid framover.

Skulen er søkt godkjend som eit kristent alternativ til offentleg ungdomsskule. Rektor er dagleg leiar ved skulen og skal, på vegnar av styret, leie arbeidet med drift, evaluering og utvikling av skulen sitt tilbod i lys av elevane sine behov, verdigrunnlaget til skulen og offentlege krav. Rektor blir støtta i arbeidet sitt av leiargruppa i Egill Danielsen Stiftelse, og er ein del av eit rektorkollegium med rektorane på dei åtte andre Danielsen-skulane. Om tilsetjing skjer før skulen startar opp, vil rektor også få ansvar for å tilsetje medarbeidarar, gjere skulebygga klare og kjøpe inn utstyr og materiell før skulestart. Egill Danielsen Stiftelse vil gje støtte i dette arbeidet.

Vi ønskjer ein leiar med

  • god pedagogisk kompetanse og praktisk skuleleiarerfaring
  • tydeleg engasjement for eleven, fagleg kvalitet og kristen tru
  • gode samarbeids- og kommunikasjonsferdigheiter
  • evne til å involvere medarbeidarar og motivere til samhandling mot felles mål
  • gode administrative eigenskapar og økonomisk forståing

Rektor må kunne identifisere seg med, og fremje føremålet for og det kristne verdigrunnlaget til skulen, og forplikte seg på skulen sitt verdidokument. Stillinga er vurdert til å vere omfatta av unntaka i § 9 og § 30, 3. ledd i likestillings- og diskrimineringslova.

Stillinga vert lønna etter Danielsen-skulane sitt lønnsregulativ for skuleleiarar.

Dersom dette verkar spanande og utfordrande, sender du ein CV (i første omgang utan attestar) og ein kort presentasjon innan 24. januar til:

Egill Danielsen Stiftelse v/dagleg leiar, Nygaten 8, 5017 Bergen, e-post: asle.ystebo@danielsen-skoler.no

Eventuelle spørsmål kan stillast til dagleg leiar Asle Ystebø på tlf. 907 66 585.