Helsesøster barneskole

Helsesøster på barneskulen er Louise Armond
Du treff helsesøster på skulen kvar tirsdag og fredag kl.08.30-14.30 eller på tlf. 954805298

Helsesøster sine faste oppgåver
Årleg miljøretta inspeksjon på barneskulen.

1. klasse: Zippy undervisning saman med lærar
2. klasse: Vaksinering (difteri,stivkrampe, kikhoste og polio)
3. klasse: Samtale med elev og foreldre(frå hausten 2016)
5. klasse: Pubertetsundervisnig for jentar og undervisning om kosthald
6. klasse: vaksinering (MMR = meslingar, kusma, raude hundar) og pubertetsundervisning for gutar
7. klasse: vaksinering ( HPV= livmorhalskreft,jenter) og undervisning om rusmidler

Andre oppgåver i skulehelsetenesta
• Samtalar og oppfølging med elever/foreldre om fysisk og psykisk helse , t.d overvekt, kosthald, eteforstyrringar, søvnvanskar, sengevæting/dagvæting, vanskelege kjensler, mobbing, skilsmisse, sorg, overgrep/vald, rus og atferdsvanskar. Informasjon om pubertet, informasjon og samtale om seksuell helse,haldninger,etikk og prevensjon for ungdom.
• Syn/ hørsel undersøking på etterspørsel
• Grupper og undervisning

Tverrfagleg samarbeid
Skulehelsetenesta kan delta i ansvarsgrupper og andre tverrfaglege møter. Den kan også sørgje for tilvising vidare til m.a. fastlege, PP-tenesta, ergoterapeut, fysioterapeut, spesialisthelsetenesta og tannhelsetenesta, NAV kommunale tenester (sosialtenesta), psykisk helsevern og barnevern. Vi kan og hjelpe med å kontakte familievernkontoret.
Linkar:
• Om barnevaksinasjonsprogrammet – Folkehelseinstituttet
• Fakta om hodelus – Folkehelseinstituttet    barn
• Sengevæting
• Zippys venner – Voksne for Barn
• Skulehelseteneste – Fjell kommune
• Skulevegring