Oppdatert informasjon om smitteverntiltak for skoleskyss

Oppdatert informasjon om smitteverntiltak for skoleskyss

Informasjon om smitteverntiltak for skoleskyssen

Regjeringa har innført raudt nivå for alle landets vidaregåande skolar og ungdomsskolar frå 4. januar og førebels i to veker framover.

Retningslinjene for skoleskyss i smittevernrettleiarane for skolar (UDIR) er gjennom den siste oppdateringa samordna med nasjonale/lokale retningslinjer for kollektivtransport. Dette inneber at det er nasjonale/lokale retningslinjer for kollektivtransport som er gjeldande for skoleskyssen, både på gult og på raudt nivå for alle trinn i skolen.

Dette inneber følgjande for skoleskyssen:

  • Offentleg transport bør avgrensast, men elevar som er avhengige av skoleskyss kan ta buss eller anna transport for å kome seg til skolen.
  • På reiser under ein time kan elevar sitje saman skulder-til-skulder (uavhengig av kohortar), men ein bør unngå kontakt ansikt-til-ansikt på reiser. Dette gjeld både for skoleskyss utført med buss og med drosje.
  • Sitjeplassar skal prioriterast framfor ståplassar på buss. Dette inneber at elevar bør sitje saman skulder-til-skulder framfor å stå, så lenge det er tilgjengelege sitjeplassar.
  • Skoleelevar på ungdomstrinnet og på vidaregåande trinn skal i tillegg følgje nasjonale/lokale anbefalingar eller påbod om munnbind. Dette gjeld både for skoleskyss utført med buss og med drosje.
  • Elevar skal ikkje reise med skuleskyssen ved mistanke om smitte, eller milde sjukdomssymptom. Vi ber også om at Skyss eller operatør blir varsla om tilfelle der det blir påvist smitte hjå elevar som har nytta skoleskyssen nært opp til tidspunktet for påvist smitte.

    I praksis inneber dette at kapasiteten i skoleskyssen per i dag er den same som tidlegare, sjølv om det er innført raudt nivå i skolen. Frå regjeringa er det gjeve tydelege føringar på at det å få elevane til og frå skolen har høg prioritet, og det er frå Fylkesmannen i Vestland gjeve uttrykk for at siste oppdatering av retningslinjene for skoleskyss må tolkast utvidande samanlikna med tidlegare retningslinjer.

    Dersom nasjonale eller lokale retningslinjer for kollektivtransport på eit seinare tidspunkt tilrår at berre anna kvart sete blir nytta, kan likevel elevar frå same kohort eller same husstand sitje saman. For vidaregåande elevar kan berre elevar frå same husstand sitje saman.

Vi gjer merksam på at kommunar kan vedta andre lokale tiltak/forskrifter for smittevern i kollektivtransporten. Dersom det blir gjort lokale vedtak som har andre konsekvensar for skoleskyssen enn dei nasjonale retningslinjene, ber vi om at Skyss blir varsla om dette. Ein må rekne med at det tar noko tid frå det eventuelt blir gjort lokale vedtak, til naudsynte tiltak er sette i verk for skoleskyssen.

Dersom skolar/kommunar vurderer at det er skoleskyssreiser der ovannemnte retningslinjer ikkje er mogleg å overhalde ber vi om at dette meldast inn til skoleskyss@skyss.no. Det vil vere ei føremon om ein nyttar «Avvik smittevernsretningslinjer skoleskyss» som emne på slike innmeldingar, for raskast mogleg oppfølging hjå oss.

Skoleskyssen vil gå til ordinære start- og sluttider. Det vil ikkje vere mogleg å gjennomføre endringar i avgangstidene for skoleskyssen.

Dersom det er elevar som med innvilga drosjeskyss som ikkje har behov for skyss heile eller delar av perioden, ber vi om at dette meldast direkte til aktuell drosjeoperatør.

Spørsmål kan bli retta til skoleskyss@skyss.no eller per telefon 55 55 90 70, tasteval 2 – skoleskyss.

X