Oppdatert smittevernrettleiar for skoleskyss

Oppdatert smittevernrettleiar for skoleskyss

Smittevernrettleiarane for skolar (UDIR) blei oppdatert 18. november. Retningslinja som gjeld konkret for skoleskyss er no likelydande på gult og raudt nivå både for barnetrinnet og ungdomstrinnet:

«Skoleskyss: Elever som er avhengige av skoleskyss kan ta buss eller annen transport for å komme seg til og fra skolen. Følg gjeldende nasjonale eller lokale retningslinjer for kollektivtransport. Elever fra samme husholdning eller samme kohort kan sitte sammen.»

For ungdomstrinnet heiter det i tillegg at anbefalingar eller påbod som gjeld nasjonalt/lokalt om bruk av munnbind også gjeld for ungdomsskoleelevar som nyttar skoleskyss.

Per i dag er dei nasjonale retningslinjene at ein kan sitje saman skulder-til-skulder, men unngå kontakt ansikt-til-ansikt på reiser som er under ein time. Der det er mogleg å halde ein meter avstand er dette tilrådd, men sitjeplassar skal prioriterast framfor ståplassar. Dette inneber at elevane heller skal sitje saman skulder-til-skulder (uavhengig av kohortar) framfor å stå, så lenge det er ledige sitjeplassar om bord i bussen. Elevar som har skoleskyss med drosje kan også sitje saman skulder-til-skulder.

Dersom nasjonale eller lokale retningslinjer for kollektivtransport på eit seinare tidspunkt tilrår at berre anna kvart sete blir nytta, kan likevel elevar frå same hushaldning eller same kohort sitje saman.

Gjer merksam på at kommunar kan vedta andre lokale tiltak/forskrifter som vi tilrår at skolane eventuelt gjer seg kjent med.

I tillegg vil vi minne om at elevar ikkje skal reise med skoleskyssen ved mistanke om smitte, eller milde sjukdomssymptom. Vi ber også om at Skyss eller operatør blir varsla i tilfelle der det blir påvist smitte hjå elevar som har nytta skoleskyssen nært opp til tidspunktet for påvist smitte.

Vennlig hilsen
Skoleskyss/Skyss

X