St. Olavs medalje til Asbjørn Ystebø

St. Olavs medalje til Asbjørn Ystebø

Lærer ved Danielsen Videregående Skole, Asbjørn Ystebø, fikk søndag 14 mars utdelt St. Olavsmedaljen. Medaljen er tildelt for innsatsen for norsk-amerikanske kulturelle samband, blant annet Emigrantkyrkja på Sletta. Teksten nedenfor er hentet fra avisen Strilen.

Publisert 03.03.10 21:12
Endret 04.03.10 13:58

Visjonær
Som grunngjeving for tildelinga er det vist til at Ystebø gjennom mange år har lagt ned eit stort frivillig samfunnsnyttig arbeid, på fleire plan. «Visjonære og idéskapande evner, entusiasme og stor arbeidskapasitet har vore nøkkelelement og drivkraft i mange at dei særmerkte oppgåvene han har involvert seg i», heiter det i grunngjevinga.
Det vert og vist til at fleire av prosjekta har hatt landsomfattande og internasjonal karakter, med stor sosial, humanitær og samfunnsmessig verdi. Ystebø vert sett på som ein eineståande formidlar av kulturelle verdiar.
«Gjennom eit unikt frivillig tovegs kultur- og historiearbeid, har Asbjørn Ystebø vedlikehalde og utvikla kontakten med det utvandra Noreg på mange ulike plan. Han har vore ein kultur- og relasjonsbyggjar til det utvandra Noreg», heiter det i omtalen frå Fylkesmannen.

YSAS.BMP

Utvandringssenteret
Det vert naturleg nok vist til at Ystebø var idéskapar og initiativtakar til Vestnorsk Utvand-ringssenter på Sletta på Radøy, som i dag består av sjølve kyrkja og fem andre bygg henta frå dei norske immigrasjonsområda i USA.
I tilknyting til senteret er det halde viktige fagseminar og kulturmønstringar, der ulike sider av utvandrarhistoria har vore tema.
Ystebø har sjølv utvikla eit breitt kontaktnett til dei norske miljøa i Nord-Amerika.
Frå 1989 har Ystebø vore drivkraft i utveksling av studentar mellom Danielsen vidaregåande og tilsvarande undervisningsinstitusjonar i USA. Over 550 elevar har deltatt i dette programmet.
I tillegg har Ystebø lagt ned ein stor innsats innan etablering og drift av nasjonale og internasjonale tilbod innan rusomsorg. Mange ungdommar har på denne måten vorte rusfrie, har tatt vidaregåande skule og er i dag ressurspersonar for samfunnet.

0 Comments

Leave a reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

X