Danielsen skole på leirskole på Voss 1951

Søk skuleplass på 1-2-3!

Fyll ut skjemaet, og søk på skuleplass på Danielsen Ungdomsskule Osterøy

Gå vidare!

Søk skoleplass på 1-2-3!

Fyll ut skjemaet, og søk på skoleplass på Danielsen Ungdomsskole Haugesund

Gå videre!

Vanlege spørsmål

Lenka til It´s learning

Lenka til Skulerute 2011-12

Kor mykje er skulepengane?

Det offentlege tilskotet utgjer 85 prosent av driftsutgiftene i den offentlege skulen. Foreldrebetaling (skulepengar) dekkjer dei siste 15 prosent, som no er på kr 11 900,- per år. Dette vil dekkje undervisning, lærebøker, lunsj og berbar datamaskin til kvar elev. Sum per månad i 10 månader vert kr 1190,-

Fleire spørsmål

01.04.2011

Er det nok å søkja barnet vårt inn på DUO no, sjølv om det er fleire år til det skal ta til på skulen, eller må me seinare likevel søkja på nytt?

Svar

Har du eit spørsmål?

Send oss spørsmålet ditt, så skal vi svare!





Danielsenelevar jobbar for skuleborn i Peru

barn-diego-skulen-i-peru.jpg
18.11.2011

Torsdag 10. November var alle elevane ved Danielsen Ungdomsskule Osterøy ute i aksjon for å tena pengar til skulen sitt misjonsprosjekt. Elevane jobba med alt frå å vaska bilar, reparera traktorar, ha storreingjering hjå bestemor og legga opp ved.

Les meir

Flott opningsfest

dsc00047.jpg
03.11.2011

Opningsfesten på Danielsen Ungdomsskule Osterøy blei ei munter og flott oppleving for alle inviterte. Her var elevar, foreldre, lokale politikarar og representantar frå dei andre Danielsenskulane, samt eigarorganisasjonane. Laila Dåvøy, stortingsrepresentant for Kristeleg folkeparti hadde hovudtalen for kvelden. Ho løfta fram friskulesaken og foreldreretten i sin tale.

Les meir

Tilsette ved DUO

laila-stort1.jpg

Det er med glede me no kan fortelja kven dei tilsette ved Danielsen Ungdomsskule Osterøy er.

-No er både elevar og tilsette på plass, så no gledar eg meg stort til oppstarten i august seier rektor ved Danielsen Ungdomsskule Osterøy, Laila Eidsheim.

Dei tilsette ved skulen er:

Laila A. Eidsheim: rektor

Jostein Fossmark: rådgjevar

Ellinor Kvamen: lærar

Thomas Moldskred: lærar

Ingrid K. Steinshamn: lærar

Torill E. Revheim: lærar og kontor

Ingrid Tveiterås: assistent

Lars Ole Birkeland: vaktmestar og assistent

Denne flotte gjengen har alle eit stort hjarte for elevane, og gledar seg til å ta til i jobben. Rektor kan fortelja at fleire av dei tilsette har tatt kontakt og vil vita meir og ha tak i bøker fordi dei er engasjerte og vil vera best mogleg førebudd til elevane kjem i august.

-Dette lovar godt for ungdommane som skal ta til på DUO til hausten, avsluttar rektoren, og oppfordrar samstundes foreldre, elevar og lokalsamfunnet om å ta godt imot dei nytilsette ved skulen på Valestrand.


Fakta om DUO

Telefon nr:

56 39 50 70


Postadresse:

Danielsen Ungdomsskule Osterøy
Postboks 92
5291 Valestrandsfossen

 

Besøksadresse:

Danielsen Ungdomsskule Osterøy
5281 Valestrandsfossen

Fleire fakta ...

Kalender

Februar 2012

27.
28.
29.

Mars 2012

01.
02.

Om Danielsen

Kristne friskular

Danielsen skoler er ei kristen friskulerørsle i Bergensområdet. Vi feira 75-års jubileum i 2007. Vi har 5 skular frå barnetrinnet til vidaregåande med omtrent 1 400 elever og rundt 120 tilsette. I Bergen sentrum ligg to vidaregåande og ein ungdomsskule. På Straume på Sotra ligg barneskule og ungdomsskule.

Våre skular:

Danielsen Ungdomsskule Osterøy - 56 39 50 70