Danielsen Ungdomsskule Osterøy

Med eleven i sentrum
Trygt miljø – kjekk skulekvardag – læring som varer.

Søk skuleplassPraktisk informasjon

Skulen legg stor vekt på at det skal vere eit godt læringsmiljø i klassen og på skulen. Vi ønskjer at kvar enkelt skal møte utfordringer tilpassa eleven sine føresetnader. Miljøet i klassen skal vere prega av ro, orden og disiplin, men og av tryggleik og openheit.Skulen forventer at lærarar, elever og foreldre samarbeider for at kvar enkelt elev skal nå så langt som mogleg, både når det gjeld røynsle og kunnskap, og i personlig vokster og modning.

Hald deg oppdatert

Danielsen Ungdomsskule Osterøy starta opp i 2011 og er ein kristen friskule eigd av Egill Danielsen Stiftelse. DUO ligg på Valestrand, og har sidan oppstarten hatt skuledrift i bedehuset, samt to oppførte modular. Skuleåret 2018/2019 var det stor byggeaktivitet på bruket og i forlenginga av bedehuset fekk me eit heilt nytt skulebygg. Bedehuset vart også oppgradert, og me kunne flytte inn i nye flotte lokaler til skulestart 2019.

Kvifor velje oss

.

Søk skoleplass
Språkval

DUO har undervisning i framandspråket spansk. Ein kan også velje engelsk fordjupning dersom ein ikke ønsker eit nytt språk på ungdomsskulen. For dei elevane som ønskjer eit fag med meir praktisk tilretteleggjing, tilbyr vi faget arbeidslivsfag.

Valfag

Valfaga på DUO skuleåret 2021-22 er: -Friluftsliv, Innsats for andre, utvikling av produkt og tenester, produksjon for scene og teknologi og design.

Mac

På DUO får kvar elev låneavtale på Mac Book Air. Etter tre år som elev ved DUO får eleven maskina i eige. Målet er elevar med digital kompetanse, utrusta til å vere bevisste og kritiske brukarar og aktørar i den digitale verda.

Aktivitetsdagar

Skuleåret inneheld ulike aktivitetsdagar: skidag, nattevandring og overnattingstur. På 8. og 9. trinn reiser ein på leirskule, og i 10. klasse reiser ein til Krakow.

Kva fortel elevane?

Anja Hodneland Gjertsen, tidlegare elev

Lærerene gjør virkelig sitt beste for at alle skal trives, for at alle skal gjøre sitt beste og lære mest mulig.

Lars Mjøs, far til tidlegare elev

Danielsen er gode på å ivareta både elevane og foreldra.

Om Danielsen Ungdomsskule Osterøy

Danielsen Ungdomsskule Osterøy er ein kristen friskule med 90 elevar og vel 20 tilsette. Danielsen-skulane er knytt til Egill Danielsen Stiftelse og er ein del av ein friskulebevegelse som har drive skule sidan 1932. Indremisjonsforbundet og Norsk Luthersk Misjonssamband står i dag bak skulane.