Kvifor velje oss?

Vi har engasjerte lærarar som ser eleven og mykje spanande som skjer gjennom skuleåret.

Ein kristen friskule

Skulen vår er ein kristen friskule. Vi følgjer same læreplan som den offentlege skulen, men har nokre tillegg i planen for å fremje kristne verdiar, kristendomens eigenart og kristen kulturarv.

Macbook Air

Vi ynskjer at elevane skal bli gode til å manøvrere seg i den digitale kvardagen som møter dei. Delar av skulepengane går til ein Macbook Air som eleven nyttar dagleg og får med seg etter endt skulegang.

Godt brødmåltid kvar dag

Du treng ikkje matpakke på DUF. Her får du eit godt brødmåltid kvar dag.

Leirskule og utenlandstur

Mellom anna reiser 8. trinn på leirskule tidleg for å bli godt kjende med kvarandre og lærarane sine. På 10. trinn reiser vi på utenlandstur når det er mogeleg.

Engasjerte lærarar

Vi har engasjerte lærarar som ser den einskilde eleven kvar dag.

Kva seier elevane?

Yngve Valde, elev

-Snille lærare, godt klassemiljø og kjekke friminutt. Folk er snille med kvarandre og det er eit inkluderande miljø.

Hege Romarheim, elev

- Plassen er bra, lærerane er flinke og det er godt miljø. Lite baksnakking, folk er som oftast glade og lærerne er blide og hjelper oss.

Søk skuleplass

Det er mange som ønskjer å gå på skulen vår – det er vi glade for! Det er lurt å søkje i god tid om du vil sikre deg plass.