Praktisk informasjon

Skal åttande klasse på leirskule? Kva tid startar juleferien? Kjem påska tidleg i år?

Under her finn du praktisk informasjon om skuleåret vårt som vi håpar du kan nytte deg av.

Skulerute

Her finn du skuleruta for 2022–2023 og 2023-2024 med oversikt over feriar, plandagar o.l.

Skulerute
2023
-
2024
Skulerute
2022
-
2023

Datoliste

Det skjer mykje kjekt på skulen vår. Her finn du ei oversikt over spesielle hendingar framover.

Fyrste skuledag i 2024 er 3. januar

Ofte stilte spørsmål

Skuleskyss

Same reglar som ved offentlege skular gjeld innanfor heimkommunen til eleven. Bussane stoppar ved Frekhaug senter, om lag 10 minutt gange frå skulen.

Kor mykje kostar det å gå på DUF?

Skulepengane ligg no på 14 650 kr pr. år. Dette inkluderer m.a. datamaskin (Mac) og overnattingstur for 8.klasse i august og utanlandstur i 10. klasse. Skulelunsjen kjem i tillegg om ein ynskjer denne.

Felles lunsj

Elevar og lærarar et ein god og næringsrik smørelunsj saman i klasserommet. Dette ser me på som god relasjonbygging mellom elevar og lærarar. Frå våren 2023 vart vi pålagd frå staten å gjere om dette til ei frivillig ordning som kostar 265 kr i mnd. for dei som ynskjer skulelunsj.

Ordensreglement

Elevane får utdelt reglementet vårt ved skulestart på 8.trinn. Dette les ein heime. Foreldre og elevar skriv under på at dei har lest og er informerte om reglane ved skulen.

Inntaksreglement

Inntaksreglementet vårt finn ein ved å trykkje på peikaren nede på sida.

Har også DUF nasjonale prøvar?

Hjå oss gjennomfører me nasjonale prøvar på lik linje som på offentlege skular.

Målføre ved DUF

Alver Kommune nyttar nynorsk, noko som gjer at informasjon me sender ut vert skrive på dette målføret. Praksis med elevane sine målføre er lik som ved Meland Ungdomsskule der ein i utgangspunktet har klassar med nynorsk, men der elevar som vil ha bokmål som det fyrste målføret sitt får bøker på bokmål. Sjølve undervisninga vil foregå på begge målføra, fortrinnsvis på nynorsk. Om utgangspunktet på Danielsen framover vert bokmål eller nynorsk kjem an på søkjarane. Sjå forøvrig dette rundskrivet frå Utdanningsdirektoratet

Klassetur

Me legg opp til at klassane i løpet av 10.trinn reiser på ein lengre tur saman, fortrinnsvis til utlandet.

Helsetenester

Helsesjukepleiar Margrethe Sivertsen er på skulen kvar måndag og annakvar torsdag. Ho kan ein kontakte når ein er på skulen, eller ved å ringje eller sende melding til

tlf.: 408 14 659

FAU - Foreldresamarbeid

Samarbeid med foreldra gjennom FAU er noko skulen prioriterar høgt.

Skulekalender

Ingen skolekalender funnet

Anna informasjon

Fråvær og permisjon

Det er forskrift til privatskulelova § 3-40 som regulerar føring av fråvær ved skulen:

Frå og med 8. årstrinnet skal alt fråvær førast på vitnemålet. Fråvær skal førast i dagar og enkelttimar. Enkelttimar kan ikkje konverterast til dagar.

Eleven eller foreldra kan krevje at årsaka til fråværet blir ført på eit vedlegg til vitnemålet. Dette gjeld berre når eleven har lagt fram dokumentasjon på årsaka til fråværet.Dersom det er mogleg, skal eleven leggje fram dokumentasjon av fråværet frå opplæringa på førehand.

For inntil 10 skoledagar i eit opplæringsår, kan eleven krevje at følgjande fråvær ikkje vert ført på vitnemålet:a)    dokumentert fråvær som skyldast helsegrunnarb)    innvilga permisjon etter privatskolelova § 3-13.


For at fråvær som skyldast helsegrunnar etter bokstav a ikkje skal førast på vitnemålet, må eleven leggje fram ei legeerklæring som dokumenterer dette. Fråvær som skyldast helsegrunnar må vare meir enn tre dagar, og det er berre fråvær frå og med fjerde dagen som kan strykast. Ved dokumentert risiko for fråvær etter bokstav a på grunn av funksjonshemming eller kronisk sjukdom, kan fråvær strykast frå og med første fråværsdag.

Inntaksreglement DUF

Inntaksreglement DUF

Last ned dokument

Inntaksreglement DUF