Vi ønskjer at alle elevar på DUO skal kjenne seg trygge, verdsette og inkluderte!
DUO har undervisning i framandspråket spansk. Ein kan også velje engelsk fordjupning dersom ein ikke ønsker eit nytt språk på ungdomsskulen. For dei elevane som ønskjer eit fag med meir praktisk tilretteleggjing, tilbyr vi faget arbeidslivsfag.
Valfaga på DUO skuleåret 2021-22 er: -Friluftsliv, Innsats for andre, utvikling av produkt og tenester, produksjon for scene og teknologi og design.
På DUO får kvar elev låneavtale på Mac Book Air. Etter tre år som elev ved DUO får eleven maskina i eige. Målet er elevar med digital kompetanse, utrusta til å vere bevisste og kritiske brukarar og aktørar i den digitale verda.
Skuleåret inneheld ulike aktivitetsdagar: skidag, nattevandring og overnattingstur. På 8. og 9. trinn reiser ein på leirskule, og i 10. klasse reiser ein til Krakow.