Praktisk informasjon

Her finner du praktisk informasjon om skulen

Skulekalender

16.8.2022

Første skuledag

25.8.2022

Foreldremøte alle trinn

Foreldremøte alle trinn

to. 25.08.2022 kl. 19:00 – 21:00


30.8.2022

Leirskule 8. trinn

Leirskule 8. trinn

ti. 30.08.2022 til to. 01.09.2022


29.9.2022

10.klassetur

10.klasse reister på tur til Krakow

3.11.2022

Elevene på jobb (Misjonsaksjonsjobbedag)

Elevene jobber til inntekt for Misjonsprosjektet vårt i Peru
Mer informasjon kommer

4.11.2022

Planleggingsdag, elevfri

16.12.2022

Siste skoledag før ferien

Skulerute

Dette er gjeldande skulerute for 2021-22

SkUlerute
2022
-
2023
SkUlerute
2021
-
2022

Viktige datoar

.

Ingen datoliste funnet

Ofte stilte spørsmål

Ingen ofte stilte spørsmål funnet

Trinnsider

Her finner du informasjon om trinnsidene for Danielsen Ungdomsskule Osterøy

Annan informasjon

Søknad om fritak og/eller tilrettelegging ved prøvar og eksamen

Skjema for søknad om fritak og/eller tilrettelegging ved prøvar og eksamen

Historikk

Danielsen Ungdomsskule Osterøy starta opp i 2011 og er ein kristen friskule eigd av Egill Danielsen Stiftelse.

DUO ligg på Valestrand, og har sidan oppstarten hatt skuledrift i bedehuset, samt to oppførte modular. Skuleåret 2018/2019 var det stor byggeaktivitet på bruket og i forlenginga av bedehuset fekk me eit heilt nytt skulebygg. Bedehuset vart også oppgradert, og me kunne flytte inn i nye flotte lokaler til skulestart 2019.

Styre og formål

Basis og formål

Basis og formål for skulen:

«a) Danielsen Ungdomsskule Osterøy AS skal i all si verksemd søkje å skape eit læringsmiljø som fremjer eit kristent heilskapssyn på livet forankra i trua på Gud som skapar og frelsar slik dette er uttrykt i Bibelen og dei evangelisk-lutherske bekjennelsesskrifter.*

b) Skulen vil i alt sitt arbeid gjere Kristus kjend for elevane slik at Han kan bli trudd og etterfølgd.

I forståing med foreldrene og i respekt for elevane vil skulen formidle kunnskap, inspirere til læring og utvikling av heile mennesket for å utruste elevane for eit godt og ansvarleg liv i heim, samfunn og menigheit.

I møte med elevane, i og utanfor skulen, er heile personalet medarbeidarar og førebilete og har eit ansvar for å fremje skulen sitt overordna føremål.

Aksjeselskapet si verksemd skal byggjast på ikkje-kommersiell basis.

* Omfattar dei tre oldkyrkjelege symbol (den apostoliske, den nikenske og den athanasianske vedkjenning), samt den augsburgske vedkjenning og Luthers vesle katekisme.«

Formålet i skulen sin kvardag

I undervisninga tek skulen stilling til faglege spørsmål ut frå eit kristent orienteringspunkt, forplikta på Bibelen som Guds ord. Dette gjeld ikkje berre kristendomsundervisning, men i alle fag når det gjeld verdispørsmål.

Skuledagen startar med ei samlingsstund med Guds ord og bønn.

Skulen ønskjer at miljø og samversformer skal vere prega av kristen ånd og kristen tradisjon, slik at skulen i vidaste forstand kan vere ei støtte for dei unge i deira livsførsel.

Friskule

Skulen har søkt om godkjenning etter privatskolelova frå 2007. Skulen fører fram til vitnemål for 10-årig grunnskule på lik linje med dei offentlege grunnskulane.

Læringsmiljø

Skulen legg stor vekt på at det skal vere eit godt læringsmiljø i klassen og på skulen. Vi ønskjer at kvar enkelt skal møte utfordringer tilpassa eleven sine føresetnader. Miljøet i klassen skal vere prega av ro, orden og disiplin, men og av tryggleik og openheit.

Skulen forventer at lærarar, elever og foreldre samarbeider for at kvar enkelt elev skal nå så langt som mogleg, både når det gjeld røynsle og kunnskap, og i personlig vokster og modning.

Handlingsplan mot mobbing og krenkingar

Last ned dokument om handlingsplan mot mobbing og krenkingar

Reglement for Mac og elektronisk utstyr

Reglar for elektronisk utstyr

FOR MAC:

  • Hald sensitive opplysningar (adresse, tlf.nr., personnr.) og passord for deg sjølv.
  • Bruk eiga maskin og eigne kontoar på nettet (Å gå inn på andre sine maskiner/kontoar er identitetstjuveri, og kan verte meldt til politiet.)
  • Ein skal ikkje installera program som minskar fokus på skulearbeid, eller som tek opp kapasiteten til maskina. (Døme: Skype, Facebook, Spotify, spel, filmar osv.)
  • Beskytt maskina godt mot mat, drikke og fysisk belastning!
  • Ta sterk avstand frå digital mobbing. Gje beskjed til ein vaksen om du sjølv eller andre vert plaga digitalt.
  • Spør alltid på førehand dersom du ønskjer å ta bilde eller lydopptak av nokon. Spør den det gjeld FØR du legg ut bilete eller lydopptak på nettet. Er den avbilda under 15 år må du i tillegg spørje foreldra.
  • Hald deg til aldersgrensene på både spel, filmar og anna innhald på nettet.
  • Det er ikkje tillate å gå inn på sider med pornografisk, valdeleg, diskriminerande eller rasistisk innhald.
  • Det er ikkje tillate å dele ulovlege filer (film, musikk, spel osv).
  • I skuletida er det dei vaksne som bestemmer over datamaskina. Etter skuletid er det foreldre/føresette som bestemmer over maskina.
  • Datamaskina og programma på maskina skal vera lukka når timen byrjer, lærar gjev instrukser om når den evt skal nyttast i timen.
  • Elevane skal kun ha brukartilgang på Mac’en.

FOR MOBILTELEFON OG ANNA UTSTYR:

  • Mobiltelefonen, Ipod og anna elektronisk utstyr skal kun brukast i fastsette tider som skulen har bestemt. Pr. 01.12.15 er det kun tillate å bruke slikt utstyr i friminuttet mellom 5. og 6. time.
  • I skuletimane skal mobiltelefonen ligga i mobilhotellet. Anna utstyr skal ligga avslått i sekken. I friminutt der det ikkje er tillate med elektornisk utstyr, skal også telefonen ligga avslått i sekken.
  • Spør alltid på førehand dersom du ønskjer å ta bilde eller lydopptak av nokon.

Spør den det gjeld FØR du legg ut bilete eller opptaket på nettet.
Er den avbilda under 15 år må du i tillegg spørje foreldra.

  • Du kan KUN bruke eige elektronisk utstyr! Vis respekt for andre sitt utstyr!
  • Ta sterk avstand frå digital mobbing.
    Gje beskjed til ein vaksen om du sjølv eller andre vert plaga digitalt.
  • Dersom du har behov for å ringe til nokon utanom ”mobilfriminuttet”, skal du spørje om løyve på førehand.
  • I skuletimar er det kun tillate å høyre på musikk etter særskilte avtalar, og etter ferdiglaga spelelister. På tentamensdagar er det ikkje tillate med lyd på øyrene.

Brot på reglementet for Mac, kan føre til inndraginga av utstyr.

Brot på reglementet for mobiltelefon og anna elektronisk utstyr, kan føre til inndraging av utstyr resten av skuledagen.

Bruk nettet til å styrke skulearbeidet og utdanninga di.

Her finns mange fantastiske løysingar og inspirerande informasjon.

Skulereglement

Reglementet er vedtatt på styremøte for Danielsen Ungdomsskule Osterøy den 18.11.2015, med heimel i privatskulelova § 3-9. Skulereglementet trer i kraft frå same dato.

1 Formål
For at Danielsen Ungdomsskule Osterøy skal vera ein trivelig og god skule, må vi ha reglar for god orden og oppførsel. «Ingen må søkje sitt eige beste, men den andre sitt beste.» 1.Korinterbrev 10, 24. I forståing med foreldra og i respekt for eleven vil skulen formidle kunnskap, inspirera til læring og utvikling av heile mennesket. Målet er å utruste elevane for eit godt og ansvarleg liv i heim, samfunn og menighet. Skulekvardagen skal ha eit arbeids- og læringsmiljø prega av ro, orden, trivsel, respekt og faglig konsentrasjon. Reglementet skal bidra til å styrke dette målet.

2 Virkeområde
Reglementet gjeld for Danielsen Ungdomsskule Osterøy. Reglementet gjeld når skulen har ansvar for elevane. Dette inneberer alle typar undervisningslokale, fellesrom og uteareal. Det gjeld og når elevane har undervisning andre stader enn på skulen sitt område, til dømes leirskular og skuleturar.

3 Vurdering av eleven sin orden og oppførsel (åtferd)
Vurdering i orden og oppførsel skal verta tatt ut frå reglane om orden og oppførsel i dette reglementet. Eleven sin orden og oppførsel kan ikkje vurderast ut frå andre vurderingsgrunnlag enn dette. Karakterane i orden og oppførsel vil som hovudprinsipp verta satt ned ved gjentekne brot på ein eller fleire reglar. Karakterane kan og verta satt ned ved einskildhendingar dersom det gjeld eit spesielt grovt brot på reglementet.

4 Reglar for orden
Elevane skal:

  • Møte presist
  • Møte førebudd til opplæringa
  • Vera deltakande i undervisninga
  • Ha med naudsynt utstyr
  • Gjera arbeid heime og på skulen til rett tid og overhalda fristar
  • Halda orden på utstyr som høyrer til eleven, eller som eleven disponerer på skulen
  • Behandla andre sine eigendelar med respekt

5 Reglar for oppførsel
Elevane skal syne alminneleg god oppførsel, ved å m.a.:

  • Behandla medelevar, tilsette og andre som elevane møter i skulekvardagen med respekt uansett kjønn, nasjonalitet, religion, livssyn, seksuell orientering m.m.
  • Bidra til eit godt læringsmiljø
  • Velja eit godt språkbruk og unngå banning eller kalling av andre.
  • Følgje skulen sitt reglement for fråvær
  • Rette seg etter beskjedar frå skulen sine tilsette
  • Ta godt vare på skulen sin eigedom
  • Ikkje nytta motorkjøretøy som t.d. moped på skuleplassen, men parkera den på tilvist stad.
  • Ikkje nytta ståhjulingar, elektriske sparkesyklar o.l. på skulen sitt område.
  • Ikkje nytta rullebrett på skulen sitt område utan særskilt avtale.
  • Elevane skal ikkje bruke mobiltelefon eller anna privat elektronisk utstyr i undervisninga.
  • Syne nettvett og følgje skulen sitt reglement for bruk av datautstyr og digitalt utstyr.

Oppførsel som ikkje vert akseptert:

  • Å forstyrre og lage uro i undervisninga
  • Å jukse eller forsøke å jukse
  • Å ha med seg og bruke tobakk, snus eller energidrikk
  • Å mobba eller plaga andre
  • Å utøva hærverk
  • Å utøva eller truga med fysisk vald
  • Å kasta snøballar på andre område enn tilvist stad
  • Å ha med eller nytta farlige gjenstandar som t.d. kniv, laserpenn, lighter/fyrstikker eller våpen av ulike slag.
  • Å ha med, bruke eller vera påverka av alkohol, narkotika eller andre rusmiddel.
  • Å oppfordra til bruk eller reklamera for rusmiddel i skuletida.
  • Å forlata skulen sitt område utan samtykke frå dei vaksne

6 Moglege sanksjonar ved brot på reglane for orden og åtferd

  1. Munnleg tilbakemelding til elev
  2. Anmerkning som vert registrert i skulearena
  3. Samtale med inspektør eller rektor
  4. Skriftleg eller munnleg melding til føresette, evt. samtale mellom skulen og heimen
  5. Gjensitting
  6. Pålegg om å utføre oppgåver før eller etter skuletid for å rette opp skader som eleven er ansvarleg for.
  7. Bortvisning frå undervisninga (privatskulelova §3-10.)
  8. Bortvisning frå skulen i inntil 3 dagar (pl §3-10.)
  9. Tvungen skulebyte (jfr. privatskulelova §3-3, her er det kommunen som har vedtaksmynde)

Fysisk refsing eller krenkjande reaksjonar er ikkje tillatt. Eleven pliktar å overhalda ilagte sanksjonar. Dersom eleven ikkje overheld dette, kan eleven verta ilagt nye sanksjonar.

7 Melding av straffbare forhold
Skulen vil normalt melda straffbare forhold til politiet. Ved tjuveri av eleven sine eigendelar, må føresette melda forholdet til politiet.

8 Erstatningsansvar
Ved skade eller skadeverk på skulen sin eigedom eller utstyr kan eleven eller eleven sine føresette bli erstatningsansvarlige. Det same gjeld ved tap av undervisningsmateriell (jfr. §1-2, Lov om skadeerstatning).

9 Sakshandsaming ved bruk av sanksjonar
Ved bruk av sanksjonar (§ 6 punkt 5-9) gjeld følgjande sakshandsamingsreglar.

  • Skulen skal sørgje for at avgjersla vert tatt på eit forsvarleg grunnlag.
  • Eleven skal ha fått høve til å forklare seg munnleg for den som skal ta avgjersla.
  • Avgjersla skal grunngjevast (ved avgjersle av særleg betydning skal grunngjevinga verta gjeve skriftleg)
  • Før avgjersla om bortvisning vert fatta, skal skulen ha vurdert om det er mogleg å nytta andre reaksjonar eller hjelpetiltak.
  • I alvorlege saker skal føresette varslast så langt det er mogleg.

 

Sanksjonane i § 6 nr. 5-9 er å sjå på som einskildvedtak, og må i tillegg følgje sakshandsamingsreglane for einskildvedtak i forvaltningslova.

Rutetidar

Info om tider for skuleskyss finn du ved å klikke på peikaren nedafor:

Skulepengar

Danielsen Ungdomsskule Osterøy er ein privatskule, der ein betalar ein egenandel for å vere elev ved skulen. Skulepengane utgjer no kr. 15.300,- pr. skuleår, fordelt på 10 mnd. frå august – mai. Føresette mottek fatura på e-post kvar mnd.

Skulen har og ordningar for søskenmoderasjon.

Det er mogleg å søke om fritak for skulepengane eller delar av dei.

Skulepengane dekkjer:

  • Undervisningsmateriell
  • Skulelunsj
  • Mac
  • Leirskule kvart år
  • Studietur til Krakow i 10. klasse
Transponder – digital meldingsbok

For å sende meldingar til og frå skulen, nyttar vi på DUO Transponder Meldingsbok. Dette er ei digital meldingsbok, og ivaretek dei formelle krava mtp. personvern. For å få tilgang til Transponder Meldingsbok må du laste ned appen i anten App Store (telefonar med iOS operativsystem, som iPhone) eller GooglePlay (android, som Samsung). detaljert forklaring for dette finn du i biletet nedanfor. Du treng også følgje ein bestemt instruks første gong du loggar deg på Transponder. Framgangsmåte finn du her: http://meldingsbok.transponder.help/kom-igang/innlogging/forstegangs-innlogging.

Sikker digital meldingsbok

Danielsen Ungdomsskule Osterøy tok hausten 2018 i bruk ei ny digital meldingsbok for kommunikasjon mellom skule og heim. Den nye løysinga heiter Transponder Meldingsbok og kan lastast ned som app i App Store og Google Play. Søk der etter "Transponder Meldingsbok". I tillegg kan tenesta nyttast frå nettlesar.

Transponder Meldingsbok skal erstatta:

  • Papirmeldebok
  • SMS til lærar sin privattelefon
  • Fråværsmailar til lærar/skule sin e-post
  • Alt annan skriftleg kommunikasjon mellom skulen og heimen

Transponder Meldingsbok kan og nyttast til:

  • At føresette gjev korte meldingar til lærar(ar)/skule
  • At lærar(ar)/skule sende korte meldingar til føresette
  • At lærar/skule sender samla meldingar/skjema til alle føresette
  • Påmelding til aktivitatar og anna

Ved pålogging første gong via ID-porten sikrar me eit høgt nivå av tryggleik for både føresette og tilsette. Alle som loggar seg inn i sine eigne ungar sine meldingsbøker, ser kven som til ei kvar tid kan lesa og skriva i bøkene. Logg deg rett inn i appen og aksepter push-varsler for å halda deg oppdatert i sanntid eller bruk Transponder i nettlesar frå https://www.transponder.no/meldingsbok/

MERK: Det er lett å forveksle appen Transponder meldingsbok med Transponder SMS. Det er kun Transponder meldingsbok som kan nyttast ved meldingar som inneheld personopplysningar. I dei fleste tilfelle gjeld dette meldingar som de som føresette sender til skulen.

Transponder Meldingsbok-appen har GRØN farge, og er den appen de som føresette ved DUO bør nytte:

Fråver

Du kan finna elevens dokumenterte fråver via Visma Flyt Skule.

Rutiner for fråver grunna helsemessige årsaker

Fråver inntil tre dagar
• Eleven leverer melding frå foreldre første skuledag etter fråveret.
• Foreldre trenger ikkje varsla skulen om fråveret.

Fråver over tre dagar
• Eleven leverer melding frå foreldre første skuledag etter fråveret.
• Foreldre varslar skulen om fråveret den fjerde dagen eleven er sjuk.

Bruk meldeboka til dokumentasjon av fråver. Dette gjeld både for dagsfråver og timefråver. Andre meldingsformer (som t.d. tannlegekort og post-it-lappar) vert ikke godkjende.

Fråver i kroppsøving
Dersom eleven ikkje kan vera med i kroppsøving grunna skade eller sjukdom, skal det leverast melding i meldeboka. Elevar som har glømt gymtøy, skal likevel delta i undervisninga.

Fråver på vitnemål
Skulen fører alt fråver i løpet av åra på ungdomsskulen.
Fråveret til eleven vert ført på karakterkortet kvart år. Det samla fråveret for 3 år vert ført på vitnemålet. Eleven kan likevel krevja at noko fråver ikkje vert ført på vitnemålet. Dette gjeld permisjonar som skulen har imøtekome, samt noko sjukefråver der det følgjer med legeerklæring.

Vidare informasjon står i Forskrift til privatskolelova: § 3-40:

Føring av fråver i grunnskulen
Frå og med 8. årstrinnet skal alt fråver førast på vitnemålet. Fråver skal førast i dagar og enkelttimar. Enkelttimar kan ikkje konverterast til dagar. Eleven eller foreldra kan krevja at årsaka til fråværet blir ført på eit vedlegg til vitnemålet. Dette gjeld berre når eleven har lagt fram dokumentasjon på årsaka til fråværet.
Dersom det er mogleg, skal eleven leggja fram dokumentasjon av fråveret frå opplæringa på førehand.
For inntil 10 skuledagar i eit opplæringsår, kan eleven krevja at følgjande fråver ikkje vert ført på vitnemålet:
a) dokumentert fråver som skuldast helsegrunnar
b) innvilga permisjon etter privatskolelova § 3-13.
For at fråver som skuldast helsegrunnar etter bokstav a) ikkje skal førast på vitnemålet, må eleven leggja fram ei legeerklæring som dokumenterer dette. Fråver som skuldast helsegrunnar må vare meir enn tre dagar, og det er berre fråver frå og med fjerde dagen som kan strykast. Ved dokumentert risiko for fråver etter bokstav a) på grunn av funksjonshemming eller kronisk sjukdom, kan fråver strykast frå og med første fråversdag.
Endra ved forskrift 7. juli 2010 nr. 1081 (i kraft 1. aug 2010).

Søknad om å få stryka fråver skal sendast på mail til jostein.fossmark@danielsen-skoler.no. Det er også muleg å skriva søknad i meldeboka. Dette må gjerast på slutten av kvart skuleår. Frist: 15.juni.

Permisjon

Søknad om permisjon frå Danielsen Ungdomsskule Osterøy.

Søknad om ein dag fri leverast skriftleg til kontaktlærar. Kontaktlærar svarer på søknaden.
Søknad om fri utover ein dag leverast skriftleg til rektor. Rektor og inspektør behandlar søknaden og gir tilbakemelding til heimen og kontaktlærar.

Retningslinjer for behandling av søknadar om permisjon.

Skulen kan innvilga søknadar om permisjon når det er gode grunnar for det. Døme på dette er:

  • ferieopphald saman med foreldre/føresette når heilt spesielle grunnar har hindra familien i å vera saman i skulens vanlege feriar.
  • turar med fagleg innhald.
  • helsemessige eller velferdsmessige forhold i familien som tilseier at permisjon bør innvilgast.
  • viktige hendingar i nærmaste familie.
  • eleven skal delta i nasjonale eller internasjonale arrangement innan kultur, idrett el.likn.

Skulen vurderer kvar søknad individuelt. Søknaden vert også vurdert utfrå lengd på ønskja permisjon.

Heimen må ikkje gjere bindande avtalar eller bestille billettar til reise før skulen har innvilga søknaden.

Skulen kan innvilga fri for ein elev i inntil 2 veker. (Opplæringslova §2-11)

Avgjerd om permisjon er enkeltvedtak, jf. Forvaltningslova § 2. Departementet er klageinstans.

Innvilga permisjon gir høve til å få stroke fråver.

Skuledagen

Ei vanleg skuleveke på DUO ser slik ut

08.45-09.45 1. time

09.45-09.55 Friminutt

09.55-10.55 2. time

10.55-11.40 Lunsj

11.40-12.40 3. time

12.40-12.50 Friminutt

12.50-13.50 4. time

13.50-14.00 Friminutt med frukt

14.00-15.00 5. time

Elevane har fri fredagane i partalsveker.