Hei! Her er ein video som svarer på mange spørsmål barn og unge har om corona-viruset
5. mars 2020
3
Om skulen
Om skulen
Danielsen Ungdomsskule Osterøy starta opp i 2011 og er ein kristen friskule eigd av Egill Danielsen Stiftelse.
Skulebygget
DUO ligg på Valestrand på Osterøy. Skulen har halde til i Valestrand bedehus, samt to moduler. Skuleåret 2018/2019 fekk me eit nytt , flott skulebygg i forlenginga av bedehuset. Bedehuset vart også oppgradert då, og me kunne flytte inn i nye flotte lokaler til skulestart 2019.
Miljøet
Vi ønskjer at alle elevar på DUO skal kjenne seg trygge, verdsette og inkluderte!
Dei vaksne
Alle dei tilsette er forplikta på å kunne stå for og handle etter skulens kristne forankring.
Studietilbod
Mac
På DUO får kvar elev låneavtale på Mac Book Air. Etter tre år som elev ved DUO får eleven maskina i eige. Målet er elevar med digital kompetanse, utrusta til å vere bevisste og kritiske brukarar og aktørar i den digitale verda.
Språkval
DUO har undervisning i framandspråket spansk. Ein kan også velje engelsk fordjupning dersom ein ikke ønsker eit nytt språk på ungdomsskulen. For dei elevane som ønskjer eit fag med meir praktisk tilretteleggjing, tilbyr vi faget arbeidslivsfag.
Valfag
Valfaga på DUO skuleåret 2019-20 er:
-Friluftsliv, Innsats for andre og Produksjon av varer og tenester.
Aktivitetsdagar
Skuleåret inneheld ulike aktivitetsdagar: skidag, nattevandring og overnattingstur. På 8. og 9. trinn reiser ein på leirskule, og i 10. klasse reiser ein til Krakow.
Kva andre seier
Danielsen er gode på å ivareta både elevane og foreldra. Tusen takk for 3 gode år.
– Lars Mjøs, far til tidlegare elev
Lærerene gjør virkelig sitt beste for at alle skal trives, for at alle skal gjøre sitt beste og lære mest mulig.